Attende til framsida

Opphavet til den jødiske lobbyen

3. desember 2021 kl. 13:00

Sundag 28. november skulle eg halda eit ope møte om den jødiske lobbyen i sentrum av Oslo. Møtet vart avlyst etter det politiet vurderte som eit relativt stort trugsmål mot ro og orden.

Difor vil eg leggja fram litt av det eg hadde tenkt å snakka om, slik at folk kan vurdera sjølve. Er dette spørsmål som fortener offentleg diskusjon? Er desse ressonementa so ekstreme at det er rimeleg å stogga eit debattmøte med trugsmål om vald?

På attenhundretalet vart det jødiske samfunnet i Vest-Europa grunnleggjande forandra. Jødane fekk borgarrettar, og rabbinarane og den heilage lova mista makt. Ei jødisk opplysningstid – haskala – endra dei jødiske samfunna i vest grunnleggjande. Men det store fleirtalet av jødar budde ikkje i vest, men i eit belte som strekte seg frå Austersjøen til Svartehavet. Her levde dei i segregerte samfunn, etter rabbinsk lov. Her fanst det middelalderske samfunnstilhøve heilt fram til 1900-talet.

Då Bismarck inviterte til fredskonferanse i 1878, vart rettar for jødar i aust nedfelt i traktats form. Den jødiske lobbyen oppstod som ein ettertanke etter Berlinkonferansen. For det synte seg at traktatar ikkje handhevar seg sjølve. For å få statane i aust til å etterleve sine plikter, og for å styrka rettane til jødane i aust, organiserte jødiske organisasjonar i Vest-Europa ei pressgruppe.

Den sentrale arkitekten bak denne lobbyen vart Lucien Wolf (1). Wolf var journalist, med utanrikspolitikk og diplomati som spesiale. Han leidde arbeidet i «Conjoint Foreign Committee», eit fellesprosjekt mellom dei to store britisk-jødiske organisasjonane. Wolf hadde god kunnskap om det som foregjekk i europeisk diplomati, «Conjoint» disponerte ein del økonomiske ressursar, og Wolf utvikla eit godt samarbeid med andre jødiske organisasjonar.

Mark Levene, Wolfs biograf, drøftar inngåande om det er riktig å nytta ordet «diplomati», som vi tenkjer som ein statsfunksjon, om Wolfs arbeid. Og han argumenterer godt kvifor ordet er dekkande.

Krigsutbrotet sommaren 1914 innebar bråstopp for Wolfs lobby. Russland var alliert med Storbritannia, og dei vestlege, jødiske organisasjonane hamna på kvar si side av frontlina. Hovudkvarteret for internasjonal sionisme vart mellombels flytta til USA. Wolf mista sin faste spalte i britisk presse, «Darkest Russia» gjekk inn – og det meste som var bygt opp etter 1878 ramla i stavar. Men ein ting sat igjen – folk i det britiske utanriksdepartementet hadde eit inntrykk av at jødane hadde evne til å påverka slike prosessar.

Dette inntrykket spela ei stor rolle då sionismen gjorde sitt gjennombrot seinare. Frå hausten 1914 gjekk Louis D. Brandeis i spissen for ein offensiv for å byggja sionismen som ei masserørsle i USA. Krigen gjorde jødar meir opptekne av jødisk identitet og banda til slektningar i krigssona. Det fanst ein oppdemt misnøye i den nyinnvandra, austjødiske folkesetnaden mot den rike, tysk-jødiske eliten som sat på pengane og difor dikterte i mange spørsmål. Brandeis stilte seg i spissen for ei rørsle for å velja ein amerikansk, jødisk kongress basert på røysterett for alle vaksne jødar. Den etablerte eliten gjorde sterk motstand mot dette prosjektet – men etter dei to første krigsåra var dei utmanøvrert. (2) Makttilhøva i det amerikansk-jødiske samfunnet var varig endra – til sionistanes fordel. Medan dette pågjekk vart det i fleire rundar diskutert i London om britane burde koma med eit utspel til støtte for sionismen. Mot slutten av 1916 hadde Ententen brukt opp sine finansressursar, og var avhengig av amerikansk intervensjon. (3) I staden vart Wilson gjenvalt med røystene til dei som ønskte nøytralitet: «He kept us out of the war».

Her finst det eit interessant sprik i det historiografien. To av deltakarane – Samuel Landman og James A. Malcolm – skreiv at den avgjerande avtalen vart inngått i oktober 1916. (4) Sonen til Mark Sykes, Christopher, gav tidleg på femtitallet ut ei framstilling bygt på farens papir og samtalar med farens nære kollega Leo Amery, som ogso peikte på oktober 1916 som vegskiljet i prosessen (5).

Det første større arbeidet om Balfourerklæringa kom i 1960: Leonard Steins «The Balfour Declaration. Då var Malcolm, Landman og Amery gått bort. Stein hevda at prosessen vart innleidd langt seinare – i februar 1917. Seinare bøker om temaet har i hovudsak følgt Steins kronologi.(6)

Men plasserer Stein kjerra før merra? I Storbritannia skjedde det eit regjeringsskifte i desember 1916 der Asquith, som var skeptisk til ei sionistisk erklæring, vart kasta. I staden overtok David Lloyd George, som var entusiastisk tilhengar.(7) Dagen etter han overtok som statsminister åt Lloyd George lunch med sionistleiaren Chaim Weizmann og radikalaren Joshia Wedgwood, som reiste direkte til USA med eit fredsprogram som ogso inneheld eit punkt om jødisk nasjonalheim(8). I slutten av desember 1916 dytta Lloyd George eit felttog til Jerusalem på ei svært motviljug militærleiing – som trenerte prosjektet fram til hausten 1917. (9) Den ferske statsministeren oppførte akkurat slik han ville gjort om Landman/Malcolm og Amery sin kronologi stemmer.

Men ein slik tidleg dato for avtalen reiser eit anna spørsmål: Gjorde amerikanske sionistar noko for å dra USA inn i krigen denne vinteren? USAs veg inn i første verdskrig var ein komplisert prosess, men vinteren 1916-17 var «Americans United Against Militarism», AUAM, den leiande fredsrørsla. På eit møte i AUAM i slutten av januar 1917 heldt sionistleiaren rabbi Wise eit stormande oppgjer med sin tidlegare støtte til nøytralitet, og erklærte at han frå no av ville sloss mot «prøyssisk militarisme».(10) Og det var fleire enn Wise som var godt plassert for å påverka denne prosessen, ikkje minst leiaren for amerikansk sionisme, Louis D. Brandeis (11). I tilfelle dei gjorde det, hadde dei gode grunnar til å freista løyna spora sine.

Om dei første avtalane mellom sionistane og den britiske leiinga vart gjort allereide i oktober 1916, oppklarar dette ogso eit anna problem. To viktige arbeid om perioden som har kome ut dei siste tiåra – Tom Segevs «One Palestine, complete» og James Rentons «The Zionist Masquerade» hevdar begge at grunnlaget for alliansen mellom Lloyd Georges regjering og sionistane var at Lloyd George trudde på «myten om jødisk makt». Det er liten tvil om at sentrale aktørar i denne intrigen – ikkje minst Mark Sykes – trudde at «den kollektive jødedom» hadde makt til å påverka krigsutfallet.

Om den etablerte historieskrivinga om Balfourerklæringa er riktig, verkar dette som ei rimeleg tolking: Britane trudde dei hadde inngått allianse med ei viktig politisk makt – men kva gjorde eigentleg sionistane for Storbritannia?

I februar 1917 var utfallet av den politiske krisa i Londong og Washington i stor grad avgjort. Men om Landman/Malcolm og Sykes har rett i at den innleiande avtalen mellom britane og sionistleiarane vart gjort allereide i oktober 1916, er plutseleg sentrale sionistar som Wise, Frankfurter og Brandeis i ein posisjon der dei har sterke motiv for å påverka den politiske krisa i Washington – samstundes som dei har enno sterkare grunnar til å løyna eigne motiv og eiga rolle. Å snu 180 grader på spørsmålet om amerikansk intervensjon, slik rabbi Wise gjorde, og i tillegg delta i mistenkeleggjering av sine tidlegare allierte, kan forsvarast om det heile var motivert ut frå ei overtyding om at USAs krig mot Tyskland var ein krig for sivilisasjon mot militarisme. Men kva om eit løfte om jødisk nasjonalheim i Palestina var ein del av motivasjonen? Då blir kuvendinga meir moralsk komplisert enn det som toler offentleg debatt.

I tillegg opnar ein tidleg dato for avtale – oktober 1916 – svært interessante diskusjonar om regjeringsskiftet i Storbritannia i desember 1916, og om motiva som låg bak Lloyd Georges velsigning av Wedgwoods reise til USA, krav om felttog til Jerusalem og ikkje minst sentrale utnemningar under krigskabinettet (Ormsby-Gore, Amery, Sykes og Kerr) som alle spelar sentrle roller i den vidare historia om tilhøvet til USA og til sionismen.

Til slutt: Chaim Weizmann fortel om desse hendingane i sjølvbiografien sin – «Trial and error». Og han fortel om korleis han etter at han etter dei første møta med Sykes går gjennom regjeringskontora på seinvinteren 1917, og mellom anna helsar på statsminister Asquith. Problemet med Weizmanns minne er at Asquith hadde vorte kasta som statsminister tre månader før dette møtet. Eitt eller anna har svikta i Weizmanns gjenforteljing. Spørsmålet er kva.

Noter

Opphavet til lobbyen.docx