Om å læra seg sørsamisk

Kaia Brendberg 24.05.2017

For å unngå misforståingar trur eg at eg må byrja med å seia at sørsamisk ikkje er nordsamisk, eit utdøydd språk, ei «samisk» dialekt, ei slags fellesnemning for samiske språk eller noko anna. Vi har tre forskjellige samiske språk i Noreg. Nordsamisk er det største og nytta av kring nitti prosent av dei samiske språkbrukarane. Sørsamisk er det nest største, og lulesamisk det minste. Alle desse språka har aktive språkbrukarar og elevar som lærar det i skulen. Samiske språk skal vera likestilte med dei norske språka (bokmål og nynorsk). Geografisk høyrer sørsamisk til sørlege del av Nordland, Trøndelag og sørover så langt samane fortsatt bur. Sørsamisk og nordsamisk er omtrent like forskjellig som norsk og tysk. Begge seier at dei er samiske og har rein, men dei har forskjellige gaptaar (kufter) og til dels også andre tradisjonar. Berre så det er klart. Likevel må det seiast at dei fleste sørsamar kjenner ein nordsame og vice versa, etter prinsippet om at sameverda trass alt ikkje er så stor og at dei små må halda saman.

Eg har lært sørsamisk på skulen i snart åtte år. Korleis dette byrja er eg ikkje lenger heilt sikker på, sidan familien min ikkje er samiskspråkleg sjølv om vi står i manntalet. Kanskje var det fordi bror min byrja før meg. Vi bur langt frå samiske skuler og område, og langt frå alle byar som kan tenkjast å ha ein same (det vil seia alle). Derfor blir vi undervist med fjernundervisning, med lærar på skjerm. Samisk er ikkje det enklaste språket å læra, og særleg ikkje for ein nordmann. Det høyrer til ein heilt annan språkfamilie enn norsk og er ikkje eingong indoeuropeisk. Det er i slekt med finsk, estisk og ungarsk, og høyrer altså til den finsk-ugriske språkfamilien. Det var eit grammatikksjokk. Samiske verb bøyest i eintal, total og fleirtal i alle personar pluss ekstra formar eg aldri hadde høyrd om før som gerundium og imperativ. Bror min talde opp og fann ut at eitt enkelt verb kan bli bøygd i nesten tretti formar. I tillegg har samisk heile åtte kasus. Kasus var òg eit nytt ord for meg då eg byrja i andre klasse på skulen, men det var naudsynt å læra for å skriva vanlege setningar korrekte. Så der sat eg og bøygde i genitiv, illativ, inessiv, elativ, kommitativ og essiv med fleire og lærte tabellar og endingar. (Samisk har òg mykje fleire h, i og j-ar, og dette må ein berre venne seg til. Ei av favorittsetningane mine på samisk er «Biejjieh jïh jijjieh jïh jïjnjh jijmieh» som betyr «Dagar og netter og mange onklar», som eg rett nok aldri har fått bruk for.) I byrjinga gjekk det bra. Vi trong ikkje snakka heilt rett, og det var ofte nok å hugsa riktig ord og seia kva vi såg på bileta i bøkene våre. Så fekk vi eit år med svensk vikar. Dette er heilt normalt. Det finst ikkje mange lærarar i sørsamisk, og dei er ganske likt fordelt på norsk og svensk side. Eller, i sameverda er det ikkje noko eigentleg grense, og mange samar snakkar svorsk og køyrer fram og tilbake mellom landa og har rein på begge sider. Eg, derimot, var slettes ikkje van med svensk. Læraren vår hadde ein tendens til å spørja «Var det svårt å förstå?» og heile det året hadde eg ikkje aning om kva han spurde om. Kva i alle dagar var svårt? Var det bra? Dårleg? Var noko gale? Til slutt tok eg mot til meg og spurde foreldra mine. Kva var eigentleg dette mystiske ordet? Det tydde «vanskeleg», fekk eg vita, og resten av dagen var det ikkje noko som kunne forvirra meg. Eg har framleis ein stabel av oppgåvearka han pla gje oss med setningar vi skulle setja om med riktig verb og kasus av typen «Jag måste köpa nye byxor» og liknande. Likevel, året med svensk lærer gjorde at eg lærte meg mykje av det eg trong å bruka til vanleg av grammatikk.

Eg forsto fort at eg ikkje var ein heilt vanleg sørsamiskelev. Dei fleste har foreldrar med rein og snøscooter, og besteforeldrar som snakkar samisk heime. Eg møtte dei omtrent ein gong i året då vi reiste på integreringsveker, veker då sørsamiske elevar bur saman ei veke på internat og lærer om samisk språk, kultur og kunsthandverk. Det var alltid morosamt, og ein fin måte å få samla dei få elevane, som vanlegvis er spreidd over eit stort område. Internatet var bakgrunnen for at regjeringa føreslo å kutta stønaden til drifta av samisk skule. Bergens Tidende vitja nemleg skulen ei veke då det ikkje var internatveke, og konkluderte med at skulen ikkje hadde nokon elevar. Nærare undersøkingar synde heldigvis at det framleis var ein del att av oss, og dei fann ut at det kanskje ikkje gjekk an å kutta ned på budsjettet der likevel, særleg ikkje sidan staten har forplikta seg til å syta for samisk undervisning til samane som ynskjer det. Når eg helste på andre samiske elevar var vanlegvis det fyrste spørsmålet etter at namn og bustad var fastslått, «Kva for snøscooter har de?». Det var komplisert å forklara at der vi budde hadde vi ikkje så mykje snø. I alle fall ikkje nok til ein snøscooter, og ikkje trong vi det heller, for vi hadde ikkje rein, og heller ikkje nokon plass å køyra han på. Dette blei forstått, men erstatta med ei viss undring over korleis vi kunne vera samar. Korleis gjekk det an? Eg forsikra at bestemor mi var skrive inn i manntalet, og etter å ha forklart nærare kor slekta mi kom ifrå gjekk dei med på at vi nok var samar. Hos dei vaksne var nøkkelen å seia kven den sørsamiske stamfaren vår var. Vi hadde leita litt bakover i generasjonane og funne ein skikkeleg flyttsame. Namnet hans var som eit magisk ord, og dei gamle damene kunne med ein gong peika ut kven vi var i slekt med. Faktisk er dei fleste andre sørsamiske elevar seksmenningane mine. Diverre er det litt slik. Viss ein ikkje kan visa til bevis med stamfedrar og -mødrer kan ein fort bli rekna som «utanfor», og sjølv om samar jamt over er hyggelege og tolerante blir ein ikkje med i den inste sirkelen utan å vera samisk.

img/elsaLaula.jpg

Frimerke med Elsa Laula Kappfjell, dama bak det fyrste samiske landsmøtet og ein viktig samisk person.

Det nyttar ikkje å skulla læra samisk utan å læra om samisk kultur. Til det er det eit alt for lite miljø og dei fleste tekstar ein finn på språket handlar på ein eller anna måte om kva samar gjer, har gjort og vil gjera. Eg har møtt folk som har frykta at samane hadde ein slags mystisk religion der dei framleis hoppa rundt i skogen med runebommar og sjamanar, og tolka ting i røyk og dyreinnvolar. Sanninga er at sørsamane er ei av dei mest kristne folkegruppene i Noreg. Mykje av samisk organisering er samla rundt kyrkja, og dei har sin eigen samiske kyrkjelyd, Saemien Ålmege, som mange av sørsamane er med i. Språket er òg mykje knytt til kyrkja, sidan det store prosjektet til tidlegare sørsameprest Bierna Biente er å setja om Bibelen til sørsamisk. Dette krev sjølvsagt at ein del nyskaping av ord, og blir òg ein av dei lengste tekstane på sørsamisk når det er fullført.

Problemet til sørsamisk er nemleg det at sidan det eit så lite og gammalt språk manglar det moderne ord og uttrykk, og orda som finst er stort sett knytt til kva samane trong å snakka om mens dei samla rein, laga klede og beskreiv korleis naturen såg ut. Det blir alt for ofte laga låneord frå norsk og svensk i staden for å prøva å finna på nye ord ut ifrå gamle ordrøter, slik som dei for eksempel har gjort på Island. Det trengst eit samisk råd som kan arbeida med å laga nye samiske ord. Diverre vart ordbøkene i sørsamisk laga etter ideen om at dei ikkje skulle brukast for eit moderne samisk, men for å bevara korleis språket hadde vore. For sørsamisk sin del hjelper det sjeldan å sjå til nordsamisk, som trass alt er større. Dei låner inn endå fleire skandinaviske og endåtil engelske ord.

Når det kjem til sørsamisk kultur må ein og nemna at sørsamisk har vorte mykje meir synleg dei siste åra. Samisk film er plutseleg stort og populært, og den nye filmen «Sameblod» (eller «Saemien vïrre» på samisk), som jo faktisk er på sørsamisk, fekk stor suksess i Japan. Det var morosamt å gå på kino og sjå folk som snakkar på dette vesle språket frå «langt opp i nord» og faktisk forstå kva det er dei seier.

Jubileumsfeiringa av det fyrste samiske landsmøtet i Trondheim, Tråante 2017, vekte også stor merksemd. For eit par dagar var det fleire med gapta ein utan, og dei var stort sett sørsamar. Eg var med sjølv òg, og det var morosamt å sjå kor interesserte folk var, og kor overraska mange vart over kor mange sørsamar det faktisk er i Noreg. Til og med statsministeren tok seg tid til å koma, og vi sørsamiske elevane fekk helsa på henne. I talen sin sa ho mellom anna:

«Fornorskningspolitikken er et svart kapittel i norsk historie. Den tvang samer til å legge bort sin kultur og sine språk. Flere generasjoner ble opplært til å tro at det å snakke samisk og det å være samisk, er noe som må ties i hjel. Det er heldigvis ikke aktuell politikk i dag. Det er dere alle eksempler på.»

Og det er sant. Fornorskingspolitikken tok frå samane mykje av den gamle kulturen deira og gjorde at ein mista ein generasjon med samiske språkbrukarar. Dette betrar seg no, og det verkar på meg som om det er ein aukande interesse for samisk og det å finna sin eigen samiske bakgrunn. Sametingspresidentane frå ulike land, og kong Harald, var andre kjende folk som kom til Trondheim den veka. Det kom inuittar frå Grønland og samar frå Sverige. Samane har nemleg byrja ein del samarbeid med andre urbefolkningar frå Amerika og andre stader i verda. I tillegg var det ein del nordsamar, og eg fekk høyra at det (ganske seint på kvelden) hadde vorte joikekonkurranse mellom dei frå nord og dei frå sør… Resultatet er usikkert, men sikkert er det i alle fall at alle hadde ei triveleg veke. Slike arrangement er viktige for å lyfta fram det samiske i Noreg og synleggjera at minoritetar ikkje berre kjem utanfrå.

Det var mange kuftekledde folk på torget for å høyra på konsert og talar.

Ein av dagane i jubileumsveka gjekk eg rundt i den digre lavvoen på torget. Eg har ikkje gapta, så eg veit ikkje heilt korleis eg vart lagt merke til, men det kom ein gammal same som såg ut som om han hadde budd på fjellet i heile sitt liv. Han såg på meg og spurde «Kven er du dottera til?». Eg vart fyrst litt usikker, far min er ikkje særleg kjend i dei miljøa, men etternamnet vårt er jo eit stadnamn og kunne kanskje oppklara kven eg var. Eg sa namnet til far min, og la til kven bror min var òg, sidan eg rekna med at han var meir kjend. Då sa han sakte og roleg, på samars vis: «Jau, då er nok eg din aajja (sørsamisk for bestefar).»

Det var ei hending som gjorde meg glad. Kor langt ut i slekta mi han var, anar eg ikkje, men eg skulle berre betrakta han som ein «aajja». Det tykkjer eg viser godt kor hjartelege samar ofte kan vera, og at dei tek vare på kvarandre.

No snakkar eg samisk såpass bra at eg kan føra ein samtale. Og det er ikkje lenger noko problem å skulla skriva ein tekst på samisk, sjølv om han kanskje ikkje blir heilt riktig over alt. Eg meiner dette er takka vera samisklærarinna mi som er ei dame full av energi, som meiner at det går an å snakka samisk i timane, at det går an å laga nye ord og at ungar er i stand til å læra grammatikk. Ho legg ofte opp feriane sine etter når elevane hennar har ferie, og har heller ikkje noko imot å ha samisk via Skype på mobilen viss ho tilfeldigvis er midt i skogen når eg skal ha time. Det er slike folk som ho som sørsamisken treng viss han skal overleva som språk.

Etter kvart som åra har gått har eg også fått den meininga at det er lettare å læra språk jo fleire ein lærer. Eg har valt så mange som mogleg på skulen, med både samisk, bokmål og nynorsk, og i tillegg engelsk og tysk. Det er ikkje vanskeleg. Ein kjenner igjen grammatiske reglar og slektskap mellom ord mykje lettare på det viset, tykkjer eg. Du utviklar eit språk for å snakka om språk som du får bruk for i alle fag. Og viss andre kjem og skal visa meg kor vanskeleg noko er på eit eller anna språk, så passar det ofte bra å seia «Å, det der er ikkje så gale, for du skjøner at på sørsamisk …»

Kjelder:

(22.05.17) NRK - Den samiske folkefesten i Tråante er i gang
(22.05.17) Posten - Elsa Laula frimerke